Kompetansepakker

til læreplaner i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere

Tverrfaglege tema i norsk

Ein av dei viktigaste føringane for den nye læreplanen i norsk er at det skal leggast til rette for tilpassing til deltakarane sine behov og føresetnader. På den måten skal læreplanen kunne takast i bruk i undervising av ulike deltakargrupper, inkludert dei som følger yrkesretta norskkurs eller opplæring etter opplæringslova. Sjølv om dette òg var eit mål i læreplanen frå 2011, har erfaringar vist at dette målet må gjerast tydelegare i læreplanen. Dette inneber mellom anna at dei tverrfaglege temaa frå grunnopplæringa er tekne inn. Samtidig er det i mindre grad enn i tidlegare planar konkretisert kva tema som kan vere relevante for undervisinga på dei ulike rammeverksnivåa. Det er likevel viktig å understreke at det tematiske innhaldet som tidlegare blei kategorisert ut frå dei fire domena frå rammeverket, framleis utgjer ein essensiell del av læreplanen, og at nivåbeskrivingane og kompetansemåla i læreplanen framleis reflekterer dette, samtidig som dei kan knytast til dei tverrfaglege temaa. I denne artikkelen skal vi prøve å forklare og tydeleggjere denne samanhengen.

Bakgrunnen for endringa i temabeskrivingane i den nye læreplanen
I læreplanen frå 2011 var dei fire domena frå rammeverket svært synlege i beskrivingane av rammeverksnivåa. På kvart nivå var det oppført eksempel på relevante tema innanfor det personlege domenet, det offentlege domenet, opplæringsdomenet og arbeidslivsdomenet. Dette var i utgangspunktet berre meint som eksempel på tema, og intensjonen var, då som no, at innhaldet i undervisinga skulle tilpassast behova, interessene og føresetnadene til den enkelte deltakaren. Lærarane stod heilt fritt til å tilpasse utval og vinkling av temaa i listene, og til å jobbe med andre tema som kunne vere relevante for deltakarane, og passande for det aktuelle språknivået. I praksis blei derimot temaoversiktene i for stor grad oppfatta som eit obligatorisk og uttømmande pensum for dei ulike nivåa i norsk. Dermed blei innhaldet i norskkursa straumlinjeforma i større grad enn det som var meininga, på tvers av ulike kurs og for alle deltakargrupper. Denne misforståinga håper vi at denne teksten kan bidra til å oppklare. Det er dessutan teke nokre grep i den nye læreplanen. Dette er gjort for å tydeleggjere intensjonen om tematisk fleksibilitet ved at ein beskriv temaa meir overordna, men utan at ein mistar av syne den essensielle funksjonen tematikk og kontekst har i beskrivingane av rammeverksnivåa.

Kva skal leggast til grunn for val av innhald og tematikk i norskopplæringa?
Dei tverrfaglege temaa gir ei heilt overordna beskriving av tema som går att både i norskplanen, samfunnskunnskapsplanen og i læreplanar under opplæringslova. Desse beskriv samfunnsutfordringar i Noreg som det er sentralt at alle deltakarar får kjennskap til. Kva slags spesifikke undertema og språkhandlingar ein skal fokusere på innanfor desse temaa, skal tilpassast norskferdigheitene, livssituasjonen, interessene og behova til deltakarane. Det kan for eksempel vere naturleg å fokusere spesielt på emne som studium og akademiske yrke for deltakarar som siktar seg inn mot høgare utdanning, men ein bør likevel sørgje for ei god breidd i tematikken generelt. Når det gjeld kva konkrete tema innanfor dei tverrfaglege temaa som passar på dei ulike nivåa, kan det vere til stor nytte å kople dei tverrfaglege temaa til dei ulike domena i rammeverket. Tabellen under kan vere eit nyttig verktøy i denne samanhengen.

Alle domene er aktuelle på alle nivå, men det er ikkje nødvendigvis like mange aktuelle tema innan kvart domene på kvart nivå. I store trekk går utviklinga frå å kunne kommunisere om det nære og konkrete i daglegdagse situasjonar på nivå A1 og A2 til å kunne kommunisere om meir abstrakte og generelle problemstillingar på nivå B1 og B2. Det krev mykje meir av språkbrukaren å handtere abstrakte emne enn konkrete emne. Dette gjeld både breidd og presisjon i organisatorisk kompetanse, for eksempel ordforråd og grammatiske strukturar, og i pragmatisk kompetanse, for eksempel kjennskap til konvensjonar for tekstoppbygging og ulik grad av formalitet. Denne utviklinga er til ein viss grad synleggjort i beskrivinga av tematikk og kontekstar i dei ulike kompetansemåla. Det står for eksempel på A1 at deltakaren skal kunne «skrive svært enkelt om seg sjølv og nære forhold, slik som kvar ein bur, kva ein gjer, og kva ein liker og ikkje liker », mens det på B2 står at deltakaren skal kunne «skrive rapportar og referat knytt til eige fag- og interessefelt». Tematikk som er introdusert på eit lågare nivå, kan ofte med fordel takast opp att på høgare nivå, men med nye vinklingar.

Arbeidspraksis, i butikk

Innhald og tematikk i norskprøven
Norskprøven er den avsluttande prøven for norskopplæringa og tar derfor utgangspunkt i læreplanen og i rammeverket, og dermed også i dei tverrfaglege emna i læreplanen og domenebeskrivingane i rammeverket. Dette inneber blant anna at det kommunikative språksynet, som ser på språk og kontekst som uløyseleg knytt til kvarandre, er førande for utforminga av prøven. Med andre ord testar prøven kandidatane sin kommunikative språkkompetanse, altså evna dei har til å kommunisere i varierte og meiningsfylte samanhengar. Derfor tek kvar enkelt oppgåve i prøven utgangspunkt i eit gitt tema, men det er samtidig eit mål at prøveresultata i minst mogleg grad skal bli påverka av kandidatane sine bakgrunnskunnskapar om emna i prøven. Blant anna ved å ta utgangspunkt i mest mogleg allmenne tema og å sørgje for ei god tematisk breidd unngår ein at prøven blir ein kunnskapsprøve som gir enkelte kandidatar ein fordel. Dette er viktig for at norskprøven skal teste dei generelle språkferdigheitene til kandidatane. I kor stor grad har dei har det språket dei treng for å vere rusta for kvardagsliv, utdanning og arbeidsliv i Noreg?

Dei tverrfaglege temaa og dei fire domena er overordna beskrivingar av kva tematikk som er aktuell for norskundervisinga, og dermed òg for oppgåvene i prøven. Desse generelle tematiske føringane blir spegla i nivåbeskrivingane (som inkluderer kompetansemåla), men som nemnt over, har ein i den nye læreplanen valt å konkretisere nivåbeskrivingane mindre for å synleggjere at tematikken i undervisinga skal tilpassast deltakarane. Dermed kan det opplevast som uklart kva undertema ein kan forvente at kandidatane møter på prøven. I prinsippet kan alle undertema som kan reknast som relevante og kjente for alle vaksne i Noreg, vere aktuelle for oppgåvene i prøven.

Oppgåvene i norskprøven skal ha ei tematisk spreiing i tråd med nivåbeskrivingane i rammeverket. Det er derfor viktig at ein legg opp til ei tematisk breidd i undervisinga. Eksempla i tabellen under kan vere nyttige med tanke på å sikre at den språklege breidda til kandidatane stemmer overeins med dei ulike språknivåa slik dei er beskrivne i rammeverket.

Sjølv om det er viktig å jobbe med ei god breidd av allmenne tema i undervisinga, er det ikkje bortkasta tid å jobbe med spesielle tema som er relevante for den enkelte eleven. For det første vil det aller meste av det språket kandidatane øver opp gjennom arbeid med tema dei er spesielt interesserte i, vere allment språk som vil komme til nytte i mange meir allmenne samanhengar, og dermed òg på norskprøven. Sjølv om det vil variere kva språkfunksjonar, faguttrykk eller sjargong ein fokuserer på, vil det deltakaren lærer, i stor grad ha overføringsverdi til språkbruk i andre situasjonar. Dessutan skal ein ikkje undervurdere kor viktig det kan vere for motivasjonen og det personlege utbyttet til deltakarane å jobbe med tema dei har spesiell interesse av, og motivasjon og meistring i aktuelle situasjonar i kvardagen er som kjent ein av dei viktigaste føresetnadene for vellykka språklæring.

Eksempel på konkretisering av tema på ulike rammeverksnivå
Tabellen under kan vere eit nyttig supplement til beskrivingane i kompetansemåla, som ei rettesnor for kva som kan vere relevante tema og kontekstar på ulike rammeverksnivå. Dei fleste av desse temaa finn ein òg i nivåbeskrivingane i rammeverket.

Dette er som nemnt ikkje eit pensum, men berre eksempel – innhaldet i undervisinga må tilpassast til kvar enkelt deltakar eller deltakargruppe. Hovudmålet med illustrasjonen under er dermed at lærarane blir bevisste på kva tema og kontekstar som kan eigne seg på dei ulike nivåa, med tanke på kva dei krev reint språkleg, og å bidra til ei tematisk og språkleg breidd i undervising og vurdering. Vi gjer merksam på at det kan vere stor grad av overlapp mellom tematikk på ulike domene, nivå og tverrfaglege emne, sjølv om tabellen kan gi inntrykk av vasstette skott. For eksempel kan temaet «arbeids- og vurderingsformer i høgare utdanning» passe inn både under «Folkehelse og livsmeistring» og «Demokrati og medborgarskap». «Jobbsøking, CV og intervju» kan vere aktuelt på både A2, B1 og B2, og «festdagar og feiringar» kan passe inn på både det personlege og det offentlege domenet.

Korleis tilpasse undervisinga med støtte i denne tabellen?
Det er viktig at denne tabellen ikkje blir ei kvilepute som ein følger slavisk fordi det er det enklaste. Det må takast omsyn til at ikkje alle temaa i denne tabellen er relevante for alle deltakarane, at dette berre er eit utval av tema som kan vere aktuelle å jobbe med i undervisinga. Vinklinga ein vel innanfor kvart tema, må altså i størst mogleg grad tilpassast dei enkelte kandidatane og kandidatgruppene.

Nokre av temaa i tabellen er meir openbert universelle enn andre og vanskeleg å komme utanom på eit kurs som skal gi vaksne innvandrarar det dei treng av språklege verktøy for å klare seg godt i Noreg. Ein kan likevel vinkle temaet på mange ulike måtar, og legge ulik vekt på temaet, ut frå deltakarane sine behov. Temaet mat er eit godt eksempel på eit allment tema som alle norsklærarar må handtere på eit eller anna nivå, men kor stor vekt ein legg på dette temaet, bør så langt det lar seg gjere, tilpassast til kandidatane sine interesser og behov. Ein deltakar som skal ta fagbrev som kokk, vil for eksempel ønske og ha behov for eit større fokus på dette temaet enn andre. Og vinklinga på opplæringa kan òg med fordel tilpassast, for eksempel ved å ha eit større fokus på vokabular og språkhandlingar som er relevante for arbeidet på ein restaurant.

Eksempla i tabellen synleggjer kva progresjon ein forventar når det gjeld språkleg breidd. I og med at ein forventar at deltakarane i aukande grad skal kunne uttrykke seg utover det konkrete og nære frå A2 og oppover, blir det lettare å tilpasse tematikken i undervisinga til den enkelte sine interesser og behov dess høgare opp i nivåa ein kjem, men også på A1 kan ein til ei viss grad tilpasse innhaldet i undervisinga ved å tilpasse kva ein legg mest vekt på innan for eksempel målet om å kunne «skrive svært enkelt om seg sjølv og nære forhold, slik som kvar ein bur, kva ein gjer, og kva ein liker og ikkje liker». Temaa i tabellen kan gi idear til kva ein kan snakke om på A1, og gir samtidig eit inntrykk av avgrensingane når det gjeld kva ein kan forvente at kandidatar på dette nivået kan uttrykke.

I og med at det trengst ulikt vokabular og ulike språkfunksjonar i ulike situasjonar, vil det å øve seg innanfor ein spesifikk kontekst eller tematikk aldri ha full overføringsverdi til ein annan kontekst, men overføringsverdien kan likevel vere stor. For eksempel når ein jobbar med det munnlege kompetansemålet om å kunne «uttrykke og kort grunngi eigne meiningar i diskusjonar og på møte om kjende emne», kan det vere hensiktsmessig å ta utgangspunkt i relevante tema og situasjonar i deltakarane sin eigen kvardag i arbeid eller opplæring. Eit enkelt og konkret eksempel på at dette kan ha overføringsverdi til meir allmenne tema, er at ein deltakar gjennom å øve på å snakke om sin eigen jobb gjerne lærer eit ord som «samarbeid». Dette ordet forventar ein at dei fleste kandidatar meistrar når dei kjem opp på eit visst språknivå (i dette tilfellet truleg B1), ettersom vi reknar det som eit relevant ord for alle vaksne.