Kompetansepakker

til læreplaner i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere

Norskopplæring knytt til andre arenaer

Læreplanen i norsk legg til grunn at norskkompetansen til deltakarane blir utvikla gjennom deltaking, kommunikasjon og samhandling i varierte og meiningsfylte samanhengar – både i og utanfor opplæringa.

Deltakarane gjer seg erfaringar med språket på mange ulike arenaer utanfor opplæringa. Når deltakarane får utforske, reflektere over og systematisere desse erfaringane i norskopplæringa, bidreg dette til at dei utviklar ein fleksibel språkkompetanse som dei kan bruke etter behov gjennom heile livet.

I presentasjonen under forklarer Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse korleis norskopplæringa kan knytast til andre arenaer deltakarane er på, og kva deltakarane kan lære av dette.

Refleksjonsoppgåver til presentasjonen:

  • Vel ein situasjon der deltakarane har behov for å bruke norsk språk utanfor norskopplæringa, for eksempel situasjonane som blei viste på bileta i presentasjonen.
    • Kva språkkunnskapar treng deltakaren for å utføre vs. å fortelje om vs. å lære å gjere dette?
    • Kva kompetansemål frå norsk og/eller samfunnskunnskap er relevante å jobbe med for å meistre denne situasjonen?
  • Det er ikkje berre erfaringar med norsk språk som kan brukast som ein ressurs i opplæringa. Deltakarane si utforsking og utveksling av andre erfaringar gir òg læraren innsikt i kva deltakarane treng å jobbe med språkleg. Lag forslag til integreringsoppgåver som kan sette i gang slik erfaringsdeling, gjerne på tvers av ulike praksisar/arenaer. For eksempel: Neste gong skal du fortelje om ein situasjon der du lærte noko nytt / opplevde noko som overraska deg.
  • Lag integreringsoppgåver til ei gruppe deltakarar som har ulike hovudaktivitetar utanfor norskopplæringa, for eksempel som lærling i tømrarfaget, i praksis i butikk eller med oppfølging av eigne barn i nærmiljøet. Integreringsoppgåvene skal kunne brukast som grunnlag for ei felles undervisingsøkt.

Arbeidsretta norskopplæring
Arbeidsretta norskopplæring har lenge vore eit viktig satsingsområde. Mange opplæringsstader jobbar allereie systematisk med å knyte norskopplæringa og praksisen til deltakarane saman til eitt felles rom for læring og utprøving av språket. Desse erfaringane og arbeidsmåtane kan òg brukast til å knyte norskopplæringa til andre aktivitetar enn praksis, for eksempel til formell opplæring.

Dersom du ønsker å lese meir om arbeidsmåtane innan arbeidsretta norskopplæring, kan du sjå videoar og tekstar om dette på nettsida.