Lærande møte
I denne videoen gjer Knut Roald greie for lærande møte. Sjå videoen individuelt, gå deretter saman i leiargruppa og diskuter denne påstanden:
- På opplæringsstaden vår er møtekulturen i stor grad prega av å vere lærande.
Inviter gjerne skuleeigar med i diskusjonen.
Tips
Videoen med Knut Roald tar opp fleire viktige forhold rundt det å utvikle ein god møtekultur og arenaer for samarbeid og læring. Leiargruppa bør vurdere om heile personalet skal sjå video en før dei begynner å arbeide med kompetansepakka. Ein måte å gjere dette på:
Sjå videoen individuelt (del lenka på e-post) og reflekter over dette spørsmålet: Korleis kan eg bidra til at møta våre blir meir lærande?
Diskuter deretter i grupper det kvar enkelt har komme fram til. Legg til slutt fram gruppa si oppsummering i plenum.
Diskuter deretter i grupper det kvar enkelt har komme fram til. Legg til slutt fram gruppa si oppsummering i plenum.