Kvar skal vi, kvar er vi, og korleis skal vi komme oss dit vi skal?
Vi foreslår at denne aktiviteten blir gjennomført blant personalet før ein begynner å jobbe med den første modulen. Det kan vere med på å sikre felles forståing og forankring i heile personalet når dei nye læreplanane skal takast i bruk.
Overordna mål i kompetansepakka:
Den individuelle delen av oppgåva utfordrar deg til å reflektere rundt nokre spørsmål, der du skriv ned tankane og meiningane dine. Her treng du berre å ta korte notat og skrive stikkord.
- Kvar skal vi?
- Med utgangspunkt i målsettinga ˝Lærarar og leiarar tolkar, forstår og bruker læreplanane på ein måte som er optimal for deltakarane si opplæring˝ skal du reflektere over og lage ei kort beskriving av korleis du ønsker at det skal vere på opplæringsstaden din 1–2 år fram i tid.
- Kvar er vi?
- Kva er tilstanden på opplæringsstaden din i dag? Reflekter over og lag ei kort beskriving av din og opplæringsstaden sin bruk av læreplanar i dag. Beskriv òg eiga forståing av det som er nytt i læreplanane.
- Som lærer eller leiar er du ein del av ein profesjon og eitt/fleire profesjonsfellesskap. Kva profesjonsfellesskap har de på opplæringsstaden din, og korleis blir dei brukte til kollektiv læring og kompetanseutvikling? Korleis bruker de for eksempel team til å lære med og av kvarandre?
- Korleis komme seg dit?
- Med utgangspunkt i dei to føregåande spørsmåla og refleksjonane dine, gi eit kort innspel på det du meiner er viktig eller skal til for at de skal lykkast med kompetansepakka og med å nå fram til måla.
- Rekkeframlegg
- Del tankar og refleksjonar frå dei tre spørsmåla: Kvar skal vi, kvar er vi, og korleis skal vi komme oss dit vi skal?
- Diskusjon og samandrag
- Etter at kvar enkelt har delt refleksjonane sine, diskuterer og lagar de eit lite samandrag av kva som er felles forståing / likt. Det er òg viktig at gruppa får fram ulikskapar. Samandraget med likskapar og ulikskapar skal delast i plenum.
Plenum
Denne delen er leidd av leiinga på opplæringsstaden. Vi tilrår at de gjer dette i form av rekkeframlegg der leiinga styrer ordet og avgjer i kva rekkefølge gruppene skal presentere samandraga sine. Vi tilrår òg at ein frå leiargruppa aktivt noterer innspel, slik at dei blir tekne med i det vidare planleggingsarbeidet med kompetansepakka.
Dette er nok den viktigaste fellesressursen i oppstarten og legg grunnlaget for det vidare arbeidet. De bør derfor sette av minst 30 minutt til individuell refleksjon/analyse, 1 time til diskusjon i grupper og 30 minutt til rekkeframlegging i plenum.
Ideen til denne oppgåva er henta frå Utdanningsdirektoratet sin kompetansepakke til fagfornyinga.