Grunnleggande ferdigheiter i norsk
Opplæring i grunnleggande ferdigheiter i norsk inneber å få norskferdigheiter til å kunne bruke dei grunnleggande ferdigheitene ein har med seg, i norskspråklege samanhengar. Nokon har likevel behov for tilrettelegging og systematisk arbeid med å utvikle grunnleggande ferdigheiter gjennom heile opplæringa. Opplæringa må derfor ta utgangspunkt i deltakarane sin skulebakgrunn og deltakarane sine erfaringar med å bruke dei grunnleggande ferdigheitene som reiskap for vidare læring. I læreplanen i norsk er grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og munnlege ferdigheiter beskrivne gjennom kompetansemåla i språkferdigheitene lytte, lese, skrive og munnleg. Opplæring i desse ferdigheitene skjer derfor parallelt med utviklinga av språket på dei ulike nivåa i norsk.
Rekning og digitale ferdigheiter har ikkje eigne kompetansemål i læreplanen, men er løfta fram som eigne kategoriar. Digitale ferdigheiter skal i utgangspunktet vere gjennomgåande i norskopplæringa ved at deltakarane utviklar norskferdigheiter gjennom bruk av digitale plattformer.
Opplæring knytt til rekning som grunnleggande ferdigheit i norskopplæringa skal inngå der dette er relevant for deltakarane sitt språklege nivå og kommunikative behov på norsk.
- Korleis kan ein i norskopplæringa legge til rette for at deltakarane får brukt og vidareutvikla dei grunnleggande ferdigheitene dei har med seg?
- I kva samanhengar har deltakarane behov for å kommunisere på norsk om rekning og tal, og korleis kan det utviklast gjennom opplæringa i norsk?