Kompetansepakker

til læreplaner i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere

Bakgrunn for nye læreplanar

Kvifor har vi fått nye læreplanar i norsk og samfunnskunnskap?

Nye læreplanar i norsk og samfunnskunnskap er forskrifter til Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova). Lova tredde i kraft 1. januar 2021, og læreplanane er derfor oppdaterte. Dei nye læreplanane støttar opp om formålet i ny lov ved at læreplanane i større grad skal kunne sjåast i samanheng med den enkelte sitt utdanningsløp, annan formell utdanning og/eller kvalifisering gjennom deltaking i arbeids- og samfunnsliv.

Kva er formålet med ny integreringslov, og korleis kan læreplanane i norsk og samfunnskunnskap bidra til dette? Kva er nytt i læreplanane? I denne videoen skal vi sjå nærmare på bakgrunnen for nye læreplanar.